Protosymfoniar
Symfoniane til Gossec er ikkje store meisterverk, men syner oss føresetnaden for klassisismens symfoniske milesteinar.
Kven fann opp den klassiske symfonien? Det blei krangla mykje om dette på byrjinga av 1800-talet, då representantar for dei store kulturnasjonane freista å hausta laurbær for heimlanda sine. I dag er det relativ semje om at forma, som er reint instrumentell, har strykarbasert klang og er frigjord frå kyrkje- eller teatermusikken, går attende til milanesaren G.B. Sammartini, som i 1730-åra komponerte kring 70 slike verk. Men det er ikkje underleg at dette var uklart på byrjinga av 1800-talet. Kimen til symfonien låg så å seia i tida – både i Venezia, Bologna, Paris, Wien, Dresden, Mannheim og jamvel Stockholm oppstod det «protosymfoniske» orkesterverk i fyrste helvta av 1700-talet.
Pragmatikar
På denne plata presenterer Deutsche Kammerakademie Neuss ein slik tidleg symfonikar av den franske skulen: Den temmeleg ukjende Francois-Joseph Gossec, fødd i det som i dag er provinsen Vallonia i Belgia, etterlét seg kring 50 symfoniar. Han naut godt av adelege patronar under l’ancien régime, men etter 1789 var han pragmatisk nok til å gjera ny karriere i republikken. Ja, han gjorde seg til det revolusjonære Frankrikes offisielle komponist og skreiv musikk for den rabiate Robespierre med verk som «Hymne til humaniteten».
Dei seks symfoniane, op. 4, kom på prent kring 1758, medan Gossec framleis var i tjueåra, og er dei fyrste verka hans som kan reknast som «klassiske»: Dei har fire satsar, der den tredje alltid er ein staseleg menuett. Dei er instrumenterte med horn og oboar i tillegg til strykarane. Og dei krev dynamiske effektar som dei tidlege klassisistane elska, nemleg brå vekslingar frå piano til forte, og lange crescendi der lydstyrken byggjer seg gradvis opp. For oss i dag kan dette synast som billeg effektmakeri, men den gongen var det nytt at komponistar føreskreiv slike stilmiddel i partitura.
Gode effektar
Korleis læt så symfoniane? Dei kom på prent sju år før den fyrste store symfonikaren, Joseph Haydn, lanserte sine fyrste slike verk. Samanlikna med Haydn er dei enkle og tematisk einfaldige. Ja, det skal godt gjerast å klara å hugsa nokon av melodiane etter å ha lytta gjennom plata – eg klarte det ikkje. Kan hende er det fyrst og fremst effektar Gossec vil oppnå? I så høve lukkast han med det, for dei trommeaktige basslinene i «Allegro»-satsen i fyrste symfonien er medrivande, og dei kvasse innsatsane til horna i den rabiate «Presto»-satsen er som adrenalinskot. Dei rolege satsane er dei mest tradisjonelle, som «Adagio»-satsen i tredje symfonien, med vakre, dissonerande akkordar à la tidleg Mozart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.