Profetisk tittel

Ein sjenerøs Bieber tilbyd seg å vere boksesekk.

Publisert

Den kanadiske musikkartisten Justin Drew Bieber er ute med sitt femte studioalbum sidan han blei oppdaga som 13-åring i 2008. Den nye plata heiter Changes, «endringar», noko vi har sett mykje av i det siste.

Albumet er inspirert av R&B og trap, ein hardbarka avart av hiphop, og i låta Take It Out On Me syng Bieber at lyttaren kan bruke han som emosjonell boksesekk. Sjenerøst, for det er det kanskje mange av oss som treng i denne tida. Vi driv med sosial (det vil seie fysisk) distansering, og parallelt med koronakrisa kom kronekrisa. I Canada, Biebers heimland, går det føre seg eit folkemord på urfolk, og det oljeindustrikorrumperte statsapparatet sine angrep på områda til Wet’suwet’en-folket får endå mindre mediemerksemd enn før pandemien. Samstundes blir avlingar i Aust-Afrika øydelagde av grashoppesvermar.

Det er noko bibelsk over det heile, som om krefter større enn oss sjølve prøver å fortelje at det menneskelege samfunnet må gjere djupe og varige endringar i måten det verkar på. At den frie marknadsøkonomien er skjør og destruktiv, og at det er nettopp den giftige, grådigskapslønande ideologien kalla kapitalisme som vi her har ein unik sjanse til å avvikle for å stogge dei katastrofale klimaendringane (og i same slengen få bukt med fattigdom og ulikskap).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement