Prismatisk regnbogemusikk

Angel Marcloids nye plate er stormfylt og solrik.

Publisert

Elektronisk
musikk

Medan det kjenslevare hår-på-brystet-progrockebandet Tool gjentek gamle taktar på tilsynelatande ukritisk vis på Fear Inoculum, som nyleg kom ut, opererer multiinstrumentalisten Angel Marcloid som den reinaste internettidsalderantikvaren på den fjerde fullengdsplata under fana Fire-Toolz. I det omfattande audiovisuelle prosjektet til dette transfeminine ikkje-binære mennesket vert det grave og granska i den digitale samtida og nære fortida vår.

Marcloid er ein produktiv artist med mange namn. I sumar tok artisten for seg 80-talssjangrar som fusionjazz, progrock og new age på overtydande vis på plata Bubble Universe! under pseudonymet Nonlocal Forecast. Under namnet Mindspring Memories utforskar artisten meir tradisjonelle – om ein kan bruke eit slikt ord om ein knapt ti år gamal sjanger, og det kan ein vel når vi skriv 2019 – vaporwavelydcollageteknikkar. I musikken til Fire-Toolz vert alt dette blanda saman med eit aldri så lite islett metall.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement