Praktfull pinsemusikk
Standardinnspelinga Bach ikler treeininga ein militær bunad.

Av Johann Sebastian Bachs ni pinsekantatar har eg spesielt sans for Erschallet, ihr Lieder, erklinget, ihr Saiten!, BWV 172, som han skreiv til fyste pinsedag 1714, rett etter at han var utnemnd til konsertmeister ved hertugen Johann Ernst av Sachsen-Weimars hoff. Sjølv må Bach ha vore spesielt nøgd med verket, for seinare, som Thomas-kantor i Leipzig, framførte han det på nytt fleire gonger.
Som det høver seg for denne store kyrkjefestdagen, den tredje etter jul og påske, er besetninga storfelt: tre trompetar, paukar, obo, fagott, cello, strykarar og orgel, i tillegg til fire songsolistar og kor, noko som høver bra med tittelen, som i imperativ oppmodar til å la songar og strengar klinga.
Opningssatsen med heile orkesteret i festleg valsetakt er sjølvsagt medrivande. Men den som kveikjer meg mest, er bassarien «Heiligste Dreieinigkeit», der dei tre trompetane og paukane gjev den heilage treeininga ein militær klangbunad, noko denne innspelinga med The English Baroque Soloists under dirigenten John Eliot Gardiner får spesielt godt fram.