Musikk

Powell med komponisthjelp

Samspelt trio får draghjelp av sju eksterne komponistar.

Publisert

Å spela inn eigenkomponert musikk er det vanlegaste for dagens jazzmusikarar. I tillegg blir standardrepertoaret (i stadig vidare utgåve) framleis flittig nytta. Å gjera det trioen her har gjort, å tinga musikk frå «noen av våre favorittkomponister og -musikere», er høgst uvanleg i jazzkrinsar.

Som tittelen seier, er det tale om seks tingingar frå sju ulike komponistar: Mats Eilertsen, Per «Texas» Johansson, Espen Reinertsen, Natacha Atlas / Samy Bishai, Iro Haarla og Erlend Skomsvoll. Denne lista skulle borga for både kvalitet og mangfald. I tillegg har trioen lagt inn tre improvisasjonar som ikkje berre fungerer som kontrastar, men står støtt på eigne bein.

Ensemblet får fint fram markante særdrag i komposisjonane, til dømes den rytmiske spaninga i Eilertsens «Junior Days», den «klaustrofobiske» harmonisk spaninga i Skomsvolls «Enn dét» og Eilertsens dristige pausebruk i «Vent på mitt signal». Den sistnemnde komposisjonen har gjort sterkt inntrykk – som eit slags musikalsk sakte-TV, «Big Ben minutt for minutt».

Denne Eilertsen-komposisjonen og Atlas/Bishais «Fagr Shaami» fungerer i tillegg utmerkt som springbrett for improvisatorisk utfalding. I sistnemnde slår samspelet gneistar, og Dale er i det leikne hjørnet og syner at han har plukka opp eitt og anna av salige Alperin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement