Positiv pop
RuPaul lagar fargerik popmusikk som seier ja til livet.
Vi lever i ei tid der problemstillingar knytte til identitet og LGBTIQA+ står høgare på dagsordenen enn nokosinne. Ein av dei som har spelt – og framleis speler – ei sentral rolle i profileringa av det skeive miljøet, er den 58 år unge RuPaul Andre Charles, som ved sida av virket som programleiar for realityserien RuPaul’s Drag Race, modell, forfattar og regelrett knockout av ei drag queen, er musikkartist.
På EP-en Queen Of Queens er ymse versjonar av RuPaul-songane deltakarane i dei siste par sesongane av Drag Race har sett sin eigen vokal og tekst til som ledd i konkurransen, samla: klubblåten «Queens Everywhere», den feststemde popsongen «American», som handlar om mangfald og inkludering, «Call Me Mother», eit heidundrande technostykke med dunkande driv og perkussiv vokal, og «Super Queen», ein heilt ålreit, latininspirert poprocklåt. I tillegg får vi høyre a cappella-versjonar, der instrumentaldelen har blitt tatt fullstendig bort, av «Super Queen» og «Queens Everywhere», som i samspel med instumentalversjonar av sistnemnde og «American» fungerer som eit interessant og velklingande studium i popvokal og -produksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.