Popsongar

Det første albumet frå The Japanese House innfrir.

Amber Bain har utvikla popprosjektet sitt med tolmod og estetisk konsekvens, skriv Øyvind Vågnes.
Amber Bain har utvikla popprosjektet sitt med tolmod og estetisk konsekvens, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Ein må vel kunne hevde at popsongens evige tema er kjærleiken, og all lyst, fortviling og rastlaus lengt han fører med seg? Slik er det kanskje logisk at også ein verkeleg god poplåt festar seg som eit virus – du må få han på, igjen og igjen. Nokre artistar får dette så godt til at ein skulle tru dei var fødde til det, at dei er utstyrte med teften, koden, oppskrifta.

Høge forventningar

The Japanese House, eller Amber Bain, som ho heiter, er ein slik artist, noko som gjer forventningane høge når det første albumet hennar, Good at Falling, no er eit faktum. Gjennom fire sterke EP-utgivingar, frå Pools To Bathe In (2015) fram til fjorårets Saw You in a Dream, har Bain utvikla popprosjektet sitt med tolmod og estetisk konsekvens, og teke uttrykket sitt eit lite hakk vidare frå gong til gong. Songane har dukka opp i små drypp og dosar, utstyrt med fin, enigmatisk omslagskunst, med polaroidfotografiet som omdreiingspunkt.

Då Bain sleppte dei første songane sine ut i verda, var ho berre 19 år, og det kjendest som om materialet kom rett frå eit lite, men klart definert rom. Gjennom dei fire åra som har gått, har artisten vendt seg utover, opna opp sitt eige uttrykk og utvida paletten. Det fokuserte, heimesnikra, synthorienterte uttrykket har fått selskap av fleire element og pustar dermed meir. Det kjem ikkje som noka overrasking når rapportane fortel at The Japanese House på konsertar no er meir som eit band, fronta av ein utovervend Bain.

Nye impulsar

Good at Falling er full av nye, rike impulsar, og ein kan også sjå albumet som ei forteljing om kunstnarleg og menneskeleg transformasjon. Den openhjarta rause singelen «Lilo» er ein heilt nydeleg ballade som fortel om eit livsendrande møte med eit anna menneske som kom akkurat når det skulle. Framifrå er også anslaget på dette albumet, det korte introsporet «went to meet her», som er bada i autotune og tunge rytmar og leier lyttaren strake vegen inn i «Maybe You’re The Reason», ein låt som demonstrerer til fulle kor god The Japanese House er på å skru saman vers og refreng. At Bain har grepet om pop av det florlette slaget, slik musikk som ein ikkje kan halde seg frå å nynne med på, er også tydeleg med ein song som «You Seemed So Happy.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement