Pomp and Circumstance

Paul McCreesh attskapar fire britiske kroningsseremoniar frå 1900-talet.

Den britiske kroningskyrkja Westminster Abbey i London.
Den britiske kroningskyrkja Westminster Abbey i London.
Publisert

Over tusen musikarar medverkar på Gabrieli Consort & Players’ nye plate, An English Coronation 1902–1953. Her rekonstruerer dirigenten Paul McCreesh den musikalsk-liturgiske gangen i dei fire britiske kroningsseremoniane på 1900-talet: for Edvard VII i 1902, for Georg V i 1911, for Georg VI i 1937 og sist for Elizabeth II i 1953.

Dei to siste seremoniane blei kringkasta på BBC, i 1937 på radio og i 1953 på fjernsyn. Men dei to fyrste er så grannsamt dokumenterte gjennom førebuingane og augevitneskildringar av dei 8000 frammøtte i Westminster Abbey i London at det ikkje er vanskeleg å attskapa framgangsmåte og repertoar.

Gamalt og nytt

Paul McCreesh, som i mars i år stod for avslutningskonserten under Oslo Internasjonale Kyrkjemusikkfestival, er kjend for rekonstruksjonane sine av storfelte, historisk spesifikke framføringar – med tidlegmusikkensemblet Gabrieli Consort & Players gav han i 1998 ut Missa Salisburgensis med musikk av Biber, i 2001 A Venetian Christmas og i 2012 A New Venetian Coronation 1595.

Det nye albumet er ikkje mindre interessant, for – ulikt dei andre innspelingane – syner det korleis det historiske medvitet på 1900-talet fekk monarkane til både å tinga nye komposisjonar og å framføra mest 400 år gamle verk som heidra den engelske musikktradisjonen. Som Matthias Range skriv i boka Music and Ceremonial at British Coronations frå 2012, som McCreesh har late seg inspirera av, markerte dei «the marriage of tradition and innovation».

Dobbel botn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement