Polsk-norsk forbrødring
Eit samarbeid på niande året har framleis mykje å by på.
Den polske altsaksofonisten Maciej Obara blei kjend for eit breitt internasjonalt publikum som medlem av Tomasz Stankos New Balladyna Quartet i 2008. Her møtte han også pianist Dominik Wania. Alle fire har, saman med den engelske trompetaren Tom Arthurs, bak seg tre utgjevingar på det polske selskapet For Tune og som kvartett etterfølgjer Three Crowns kritikarroste Unloved (ECM, 2017).
Som på Unloved er det Obara som er komponist, men dei har også teke med frie tolkingar av to Górecki-komposisjonar. Båe komposisjonane er med på å gjera plata meir mangfaldig, og på opningssporet «Three Pieces in Old Style» viser Obara at han har lytta sine timar på Jan Garbarek. Ei uttalt hylling til saksofonkollega Andy Sheppard «Blue Skies for Andy» er saman med «Glow» høgdepunkta på plata, som syner kvartetten i alle fasettar. Triopartiet med Wania, Vågan og Nilssen på Sheppard-hyllinga er det berre å setja to strek under.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.