Musikk
Polsk-norsk forbrødring
Fem års samarbeid og samspel resulterer i eit sterkt og mangfaldig uttrykk.
Sjølv om Maciej Obara har komponert alle låtane utanom tittelkuttet, som er ført i pennen av den langt meir kjende landsmannen Krzysztof Komeda, og bandet ber Obaras namn, er dette ein felles manifestasjon. Komposisjonane er langt meir enn skisser, men dei er likevel opne for intervensjon.
Intervenert til gagns har dei gjort alle fire i Rainbow Studio for om lag eit år sidan. Kvartetten har ei kollektiv tilnærming til det å skapa musikk. Her rår ikkje eit tradisjonelt solist–komp-mønster grunnen. Her får musikalske idear utvikla seg side om side, eller den eine ideen inspirerer og går saumlaust over i den andre, som i den friske og raske «Echoes». Den energiske låten bryt med stemninga på plata elles, men representerer eit forfriskande og kjærkome oppbrot. Likevel er det heilt i tråd med det overordna musikalske konseptet at dei tek det heilt ned på slutten av låten og skapar ein perfekt intro til den impresjonistiske balladen «Storyteller». Det frie samspelet mellom Wania, Vågan og Nilssen her er nok eit høgdepunkt på plata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.