Polert pasjonsmusikk
Hymns of Compassion byr på kjende salmar i nye, meditative versjonar.
Jonas Kilmork Vemøy og Øyvind Kristiansen har spelt inn meditasjonar for påske- og pasjonstida.
Foto: Kirkelig Kulturverksted
Kyrkjemusikk
Øyvind Kristiansen og Jonas Kilmork Vemøy:
Hymns of Compassion
Kirkelig Kulturverksted
Resirkulerte versjonar av kjende julesalmar og -songar har lenge vore god forretning for mange musikarar som vanlegvis ikkje syslar med kyrkjemusikk resten av året. Salmar knytte til faste, pasjon og påske, derimot, har ikkje vore nytta tilsvarande. Men så er dette heller inga kommersiell utgjeving. Det er snarare ein freistnad på å bringa denne viktige delen av kulturarven ut til eit vidare publikum, og verkstaden der musikken gradvis har vorte utforma fram mot denne utgjevinga, er Jakobsmessene i kulturkyrkja Jakob i Oslo.
Pianist Øyvind Kristiansen og trompetist Jonas Kilmork Vemøy har plukka ut velkjende salmar som «Jesus, din søte forening å smake», «O hode høyt forhånet» og «Såkorn som dør i jorden», kledd dei i nye arrangement, ofte tilføydde varsame elektroniske klangflater eller rytmiske figurar. Av og til medverkar dessutan ein strykekvintett.
Stilistisk er dette musikk som låner forsiktig frå tradisjonell kyrkjemusikk, moderne jazz og pop, men det er såpass rundt i kantane at det dreg seg unna kategorisering. Og lydbiletet vil vera velkjent for dei som har fylgt med på produksjonsestetikken frå Kirkelig Kulturverksted dei siste tiåra. Den håse, kjensleladde trompettonen og det mjuke, elegante pianospelet er òg noko som vil klinga attkjenneleg for dei som har høyrt ein del nyare norsk jazz av det lyriske slaget.
Tre songarar medverkar òg på kvar sin salme: Beate Slettevold Lechs mørke, soulprega altrøyst høver godt til Jakob Sandes alvorstunge «Du som låg i natti seine». Noregsvenen Mahsa Vahdat har kopla eit dikt av den iranske poeten Rumi til «Naglet til et kors på jorden». Stemningsmessig fungerer dette fint, sjølv for oss som ikkje skjønar språket.
Men den store overraskinga er Marthe Haaland Wangs versjon av Grundtvigs gripande langfredagssalme «Hill deg, Frelser og forsoner». Ho har ein litt enkel og naivistisk syngjemåte som ikkje tilslører salmen, men tvert imot opnar denne mektige teksten for oss, og ho syng alle åtte versa. Her held dessutan musikarane seg stort sett til komponisten C.C. Hoffmanns originalharmonisering frå 1878, og ofte er det best slik.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.