Poetisk depresjon

Hundedagane til Raknes er ikkje solskin og badeliv.

Publisert

Eldbjørg Raknes har laga eit dystopisk opus kalla Dog Days, der ho direkte knyter seg til egyptisk mytologi om fenomenet gjennom låten «Sirius». Viktigare for verket er den folkelege overtrua knytt til hundedagane.

Dette går som ein svart tråd gjennom heile produksjonen. Ein måtte ikkje årelata seg i hundedagane. Då kunne ein bli tungsindig eller mista forstanden. Ein måtte ikkje bada, for vatnet var giftig, eller folk som hadde drukna, flaut opp – i hundedagane.

Raknes formidlar ein tilstand av djup fortviling over tapt kjærleik/ tapt fellesskap, men sterkare er fortvilinga over mangel på forklaring. Det er eit samanhengande traume i ni delar. Rett nok er den åttande låten, «Sirius», eit brot, eit nøytralt pusterom, men «Did You Hitchhike with an Eagle» byr ikkje på trøyst eller forsoning.

Musikken nører opp om den botnlause fortvilinga gjennom eit blytungt teppe klangar som slører til teksten. Etter kvart framkallar uttrykket klaustrofobiske reaksjonar hjå denne meldaren. Å høyra på plata med hovudtelefonar var beint fram krevjande. Røysta hennar er reinska for alle vokalpedagogiske «triks». På opningssporet «Who Will We Be» uler ho som ein ulv i natta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement