JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Persisk poesi møter lyrisk jazz

Uttrykket er gjennomført heilskapleg med mange detaljar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2080
20201002
2080
20201002

Verdsmusikk

Mahsa Vahdat:

Enlighten the Night

Kirkelig kulturverksted

Mahsa Vahdat er ein songar frå Iran som gjennom samarbeidet med Kirkelig kulturverksted og produsent Erik Hillestad har sunge mykje i Noreg og har fleire plateutgjevingar bak seg, ofte saman med systera Marjan Vahdat og komponist/arrangør Atabak Elyasi.

Sistnemnde står for det meste av arrangementa på denne plata, der Vahdat har laga melodiar til persisk lyrikk – både klassisk og nyskriven. Tekstane, som er omsette til engelsk i tekstheftet, handlar ofte om håp i ei mørk og vanskeleg verd. Og nett dette er noko Vahdat sjølv lever midt oppi, sidan ho – som kvinne – ikkje får opptre offentleg i heimlandet og difor er nøydd til å framføra songane sin i Europa og USA.

Lågmælt

Det er alvor og sterke kjensler som vert uttrykte, men likevel er det ei lågmælt form for formidling. Røysta til Vahdat er kraftfull, men mjuk og varm, og ho fell ikkje for freistinga til å overdriva ekspressiviteten.

Medmusikarane føyer seg fint inn i heilskapen. Tord Gustavsen er ein av dei fremste lyriske jazzpianistane våre for tida. Han serverer elegante improviserte melodilinjer mellom songfrasane og går aldri i vegen for formidlinga av tekst og melodi. Bassist Gjermund Silset og trommeslagar Kenneth Ekornes har òg denne evna til å gjera nett det som trengst for å skapa framdrift og balanse i uttrykket. Av og til høyrer me òg Shervin Mohajer på det persiske strengeinstrumentet kamancheh.

Velbalansert

Det er eit gjennomført heilskapleg uttrykk gjennom heile plata, og det er mange detaljar å gle seg over, både når det gjeld dei vokale og dei instrumentale prestasjonane. Det heile gjev eit noko polert inntrykk, men formidlinga er levande og tippar aldri over i det overflatiske. Dessutan er koplinga mellom tradisjonell persisk songstil og lyrisk jazz velbalansert, og lybiletet til teknikar Martin Abrahamsen er førsteklasses.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis