Pastorale klangmåleri
Innlevinga til musikarane i Ensemble Klingekunst vitnar om sann speleglede.
Ensemble Klingekunst spelar ukjend 1700-talsmusikk.
Foto: Franz Größiner
Lytt til artikkelen:
For dei som interesserer seg for sjeldsynte vekstar i den klassiske underskogen, er det tyske plateselskapet CPO interessant. Rett som det er, kjem her nemleg fyrsteinnspelingar av musikkhistorisk heilt ukjende verk. Albumet Trattamento dell’Harmonia er eit døme. Dette er namnet på ei verkssamling, prenta i Paris i 1733, som det berre er bevart to eksemplar av (i Bibliothèque nationale de France og Staatsbibliothek zu Berlin). På tittelbladet til notane blir komponisten kalla «M.C. Schultze D.B.», noko dei musikkvitskapleg kompetente musikarane i det austerrikske Ensemble Klingekunst tolkar som «Martin Christian Schultze de Berlin».
Kven denne Schultze var, er eit ope spørsmål. Etternamnet (ofte stava Schulze) er like vanleg i Tyskland som Hansen eller Nilsen i Noreg – det kjem frå «Schultheiß», den mellomalderlege nemninga for borgarmeister. Uansett opphavet: Trattamento dell’Harmonia er sett saman av seks sinfonie da camera (kammersymfoniar) for tverrfløyte, fiolin, gambe (eit celloliknande strykeinstrument) og besifra bass, noko som var ei ynda besetningsform i Paris midt på 1700-talet.
Polyrytmikk
Det fyrste som slår oss på dette vellukka albumet, er kor frodig musikken læt. Den fyrste sinfoniaen i D-dur er enkel og komplisert på same tid, for harmoniane er av den milde, italienske typen, medan rytmikken byr på meir motstand. Ulike rytmar blir sette opp mot kvarandre, då særleg tredelte mot firdelte, noko ein på fagspråket kallar polyrytmikk. Resultatet har noko av ei barokk fontene ved seg, der vasstrålar av ulik tjukkleik, lengd, kurve og snøggleik skapar eit komplekst og rørleg bilete.
Idyll
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.