Pastellfarga forteljingar

Ine Hoem fortel historier i eit nyenkelt og metaforfattig språk.

Ine Hoem har skrive all musikk og tekst på albumet.
Ine Hoem har skrive all musikk og tekst på albumet.
Publisert

Ine Hoem er ute med den tredje plata i eige namn. Ho har skrive alt av tekst og musikk. Arrangementa har ho gjort saman med bandet. Dette er popmusikk, men popmusikk som ikkje kunne ha vore laga av andre enn nokon med jazzmusikalsk bakgrunn.

Hoem lagar på sitt beste fine forteljingar om barndoms- og ungdomstid, om å bli forelder og, sjølvsagt, den vanskelege kjærleiken, på eit nyenkelt og naivistisk språk. Ho har laga ei hylling til Bergen som på strålande vis oppsummerer alle desse kvalitetane. «Blinkende Bergen» kan gje bergenshyllingane til Knutsen og Ludvigsen og Ole Paus avløysing for ei stund.

I den Sting-inspirerte «Hva hadde skjedd da» blir det stilt kontrafaktiske spørsmål ved små og store val dikt-eget har gjort opp gjennom livet. I den sjølvbiografiske (?) «1998» møter me ein person som ser attende på det sosialt strevsame livet som 13-åring. Høgdepunktet er likevel den melankolske «Årstid».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement