Musikk

Pasjon og katarsis

The Jesus and Mary Chain vekkjer få sterke kjensler, medan Pharmakon leverer støy av katarsiskvalitet.

Publisert

Eksperimentelt

Ifølgje Platon handlar katarsis om sjeleleg lutring, og det er jo i stor grad dette pasjonssoga handlar om: «Mache dich, mein Herze, rein», for å sitere bass-arien i Matteuspasjonen av Bach frå 1727 år etter Jesu fødsel. Dei skotske indieveteranane i The Jesus and Mary Chain platedebuterte i 1984, og med eit slikt namn passar det bra at den første plata på fire år blei lansert kort tid før påske.

Damage and Joy er opp- og nedstemd på same tid. Ved hjelp av halvlystige gitarriff, spretne rockerytmar og tekstar om livsleden framførd med avmålt vokalbruk, durar dei nonchalant av garde med patosinnstillinga på medium. Det betyr slett ikkje at plata er dårleg, men ho meistrar sjeldan å vekkje dei heilt sterke kjenslene i positiv eller negativ forstand. (Mest entusiasme hos denne meldaren kjem av dei meir leikne vendingane med strykarar, feedback og atonal saksofon på låta «Simian Split».)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement