Musikk
Pære full
Dei musikalske tømmermennene OG Ron & The Chopstars fasiliterer Thundercats nachspiel og hangover.
R&B
Vokalist og bassist Stephen «Thundercat» Bruner lagar silkemjuk funk, soul og R&B for vår tid. Det tredje albumet hans, Drunk, var ei av dei festlegaste og mest behageleg rusande platene i fjor. Der blei Marvin Gayes forførande og slibrige soul blanda med Frank Zappas frenetiske fusion, miksturen køyrd gjennom eit moderne produksjonsapparat og krydra med ei rekke meir og mindre obskure pop- og undergrunnskulturelle samplingar og referansar.
Drank er ei samling remiksar signert OG Ron & The Chopstars, ei gruppe som opererer i sjangeren «chopped and screwed». Desse nedsakka og opphakka spora læt i den eine augneblunken som det sjanglande minuttet før ein blir vist ut or ein nattklubb, i det neste som eit nachspiel i full forfjamsing, eller som den kvalme, desorienterte morgonen etter – og slik er det originalen burde ha høyrst ut, ifølgje Thundercat sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.