På grensa
Grenseoppløysande elektronisk musikk frå grensa mellom Mexico og Sambandsstatane.
Eit par veker tilbake melde vi Music Inspired by the Film Roma. Det var ikkje mykje meksikansk musikk å finne på den samleskiva, så sidan eg har halde hus i bydelen Roma den siste månaden, var det på sin plass å undersøkje kva som rører seg i Mexico by her og no.
Eg fatta særleg interesse for dei kvinnelege og transkjønna aktørane på den elektroniske musikkscena, og med god hjelp frå programleiaren for Áreas verdes på Radio Nopal, fann eg fram til mang ein mørk og medrivande beat frå artistar og DJ-ar som Demian Licht, Phaedra, Irma Ruiseñor, Fe Mal, Viiaan og Oly. Sistnemnde peika øyro mine ut or hovudstaden og opp mot den for tida mykje omtalte grensa til Sambandsstatane, til Ciudad Juárez, den berykta byen som mellom anna er å sjå – i lite flatterande ljos – i Denis Villeneuves narkothriller Sicaro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.