Øyvind Brække debuterer
Spanande sekstett med Knut Riisnæs i toppform.
Jazz
Øyvind Brække Sextet:
Wilderness
Øyvind Brække, trombone; Knut Riisnæs, tenorsaksofon; Bergmund Skaslien, bratsj; Jacob Young, gitar; Per Zanussi, bass; Erik Nylander, trommer. OSLO SESSION RECORDINGS OSR006
Det har gått ein mannsalder sidan Øyvind Brække byrja musikarkarrieren i Sandvika storband. Han har komponert og arrangert for ei mengd musikarar og orkester, mellom andre Trondheim jazzorkester og The Scottish National Jazz Orchestra. I tillegg har han medverka på mellom 30 og 40 plater. Likevel er dette Brækkes første plate i eige namn. Det var på tide.
Brække har brukt debuten til å presentera seg sjølv som komponist med i alt åtte låtar. Stilistisk spenner komposisjonane frå moderne mainstream til samtidsmusikk med tyngdepunktet klart på jazzfoten. Å kombinera trombone, bratsj og tenorsaks er ikkje vanleg kost, Brække får mykje ut av nettopp denne konstellasjonen, og med Young som ein harmonisk katalysator og det botnsolide tandemet Zanussi–Nylander måtte dette gå bra.
Med si sterke forankring i storband og store ensemble kunne ein venta at arrangøren Brække hadde teke strammare og meir omfattande grep, men han har late orkestermedlemmene få godt med spelerom. Her er det lange improviserte strekk til ei studioplate å vera. Det skal likevel seiast at ein del arrangementsgrep er utsøkte i si sparsame form.
Solistisk er det mykje gleda seg over både frå Skaslien, Brække og Young, men det mest slåande er Riisnæs’ utømelege kjelde av idear. Ein lyttar merksamt kvar gong han tek ordet, anten han er i det lyrisk-melodiske hjørnet («Yellowstone») eller i det meir underfundige («Flow»).
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.