Overveldande på alle vis
Elephant9 gjer opp status elleve år etter Dodovoodoo.
Kampen Bistro var staden å vera 9.–12. januar i år. Desse kveldane spelte trioen Elephant9. Dei to siste hadde dei med seg den svenske gitaristen Reine Fiske. Dette var fire kveldar for historiebøkene. Dei av oss som ikkje var til stades, kan gjennom desse to sjenerøse utgjevingane lytta seg gjennom ei heidundrande oppsummering av elleve år med Elephant9.
Oppsummering
Dette er nettopp ei oppsummering, Elephant9s musikalske sjølvmelding – på tru og ære. Gjennom repertoarvalet er dei innom dei tidlegare utgjevingane og viser eit mangfald ein ikkje assosierer med trioen ved første tanke, men først og fremst er dei gode to timane med musikk ein manifestasjon av overveldande energiutlading kombinert med raffinert sans for dynamiske verkemiddel, subtile overgangar og eit oppkome av sprelske musikalske idear. Det er også ei oppsummering i den forstand at ulike inspirasjonskjelder kjem til syne i låtmaterialet.
Reine Fiske
Ei oppsummering er det også fordi den andre plata har med Fiske som gjest. Han var med på dei to utgjevingane Atlantis og Silver Mountain og gav bandet ein solistisk, klangleg og harmonisk tilleggsdimensjon. Den rolla fyller han til overmål her. Det er spesielt interessant å lytta til «Habanera Rocket» og «Skink / Fugl Fønix», som er å finna på båe platene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.