Overtydande komponistdebut
Med OJKOS har Oslo fått sitt jazzkomponistorkester.
OJKOS, orkesteret for jazzkomponistar i Oslo, har halde på i to år, og dette er den første utgjevinga deira. Andreas Rotevatn fekk det ærefulle oppdraget å laga musikken til plata som blei spelt inn for vel eit år sidan.
Det er berre talet på musikarar som minner om klassisk storband. I besetninga er det ikkje med ein einaste alt- eller tenorsaksofon. Det kan like fullt bli spanande musikk. Rotevatn lar seg inspirera av mange komponistar og musikkformer og har ei gil-evansk evne til å utnytta det spesielle «instrumentariet» orkesteret er sett saman av. Han brukar også dei mogelegheitene moderne innspelingsteknikk gjev til omarbeiding og modifisering av lydbiletet, enten det er snakk om sin eigen solo på «It’s West African Time» eller Beatles og George Martin-hyllinga «Helter Skelter», der sjølvaste Charles Manson dukkar opp med autotunefrisert røyst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.