Musikk

Orkestral essens

Staatskapelle Weimar spelar orkesterutdrag frå Wagners operameisterverk om drakedreparen Sigurd.

Valkyrjerittet, slik den britiske målaren William T. Maud såg det føre seg i 1890.
Valkyrjerittet, slik den britiske målaren William T. Maud såg det føre seg i 1890.
Publisert Sist oppdatert

Standard-
innspelinga:

Den firdelte operasyklusen Der Ring des Nibelungen, som me på norsk plar kalla Nibelungenringen eller kort og godt «Ringen», er Richard Wagners (1813–1883) største og viktigaste verk. Librettoen (songtekstane) laga han sjølv, inspirert av Nibelungenlied, eit helteepos frå 1200-talet som blei gjenoppdaga på 1700-talet. Verket er tufta på fellesgermansk sogestoff med rot i historiske hendingar frå folkevandringstida som me òg finn i Den eldre Edda. Det er vel fyrst og fremst på grunn av Wagners tonesetjing at soga blei opphøgd til tysk nasjonalepos på 1800-talet, med drakedreparen Siegfried (i norske kjelder kalla Sigurd Fåvnesbane) som nasjonalhelt, ei sogedyrking som kuliminerte – og perverterte – under nasjonalsosialismen.

Gesamtkunstwerk

Med desse operaane la Wagner grunnen for ein ekte tysk romantisk opera, noko alle samtidige tyske komponistar, mellom dei Schumann og Mendelssohn, hadde mislukkast med. Men sjølv om sogene er germanske, er den formal-
estetiske ideen gresk: Etter førebilete av den klassiske tragedien skulle musikk, poesi, dans og biletkunst her smeltast saman til eitt einskapleg kunstverk, noko tyskarane kallar «Gesamtkunstverk». Nærare 16 timar tek det å framføra heile «Ringen», difor blir han på operafestivalar vanlegvis – og heldigvis! – fordelt på fire kveldar.

Ringen utan ord

Om du ikkje orkar å pådra deg heile «Ringen», er dirigenten Hansjörg Albercht og Staats-
kapelle Weimars nye album Der Ring ohne Worte («Ringen utan ord») midt i blinken. Her får me på ein dryg time nemleg nyta dei storfelte orkesterstykka i syklusen. Dei fyrste arrangementa av verket som rein orkestermusikk, var det komponisten sjølv som stod for. Men det var den amerikanske dirigenten Lorin Maazel og Berlinarfilharmonikarane som for fyrste gong spelte inn syklusen i denne kondenserte forma på eit legendarisk album frå 1988.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement