Orkesterguiden

Britten parterer Purcells «Rondeau».

Den engelske komponisten Benjamin Britten (1913–1976).
Den engelske komponisten Benjamin Britten (1913–1976).
Publisert

Stundom når ein for fyrste gong set ein ny CD i spelaren, merkar ein straks at dette er kvalitet: Lyden på opptaket er topp, orkesterklangen læt som éin kropp, og det gneistrar mellom dirigent og ensemble.

Slik var det då eg for mange år sidan kjøpte albumet der engelske Simon Rattle dirigerer orkesterverk av Benjamin Britten med City of Birmingham Symphony Orchestra. Rattle får til ei fin blanding av sprø og elastisk klang, samstundes som denne genuint britiske musikken blir tilført den lette og talande artikulasjonen eg innbiller meg at berre britiske dirigentar får til.

Filmmusikk

Albumet (som er kome i fleire opplag) gjev oss ei fin oversikt over Brittens orkesterproduksjon, med alt frå kanadisk karneval, amerikansk ouverture og engelske folketonearrangement til sym­fonisk døds-
messe. Opningsstykket, som opphavleg var filmmusikk, har gjeve albumet namn: The Young Person’s Guide to the Orchestra, op. 34.

Konsertversjonen av filmusikken heitte eigentleg «Variations and Fugue on a Theme of Purcell», noko komponisten sidan endra av di det klang for intellektuelt. Men variasjonar og fuge over eit tema av Henry Purcell (1659–1695) er det, nærare bestemt over «Rondeau»-satsen frå Purcells skodespelmusikk til Abdelazer (1676). Temaet, som fyrst blir presentert av heile symfoniorkesteret, er så fleskete instrumentert at feittet formeleg dryp av det.

Skrott

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement