Orkesteret Storløkken

100 prosent sjølvgjort og 100 prosent velgjort.

Publisert

Samtidsmusikk

Ståle Storløkken er trollmannen med tangentane som ein sjeldan eller aldri finn i orkesterleiarrolla, men som alltid blir lagt merke til – ikkje fordi han tek så mykje plass, men fordi han alltid gjer dei rette tinga.

Her er det 100 prosent Storløkken. Han har komponert dei sju stykka som utgjer suiten The Haze of Sleeplessness. Han spelar alle instrumenta, og han har like godt produsert plata. Det siste gjorde han fordi mikseprosessen betyr mykje for det musikalske sluttproduktet, men også fordi dette var god trening.

Orkestralt

Få, om nokon, har kome nærare salige Joe Zawinul i å finna kjemien mellom dei ulike instrumenta i arsenalet av analoge synthesizerar enn nettopp Storløkken. Det handlar bokstaveleg tala om å trykka på dei rette knappane – til rett tid. Det er varemerket til Storløkken. Her gjer han det i ei utprega orkestral form. Han bind delane saman med klanglege verkemiddel, og det heile flyt saman til éi stor forteljing.

Destillert vemod

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement