Original stemme

Musikken til Karoline Wallace minner om fillerya på omslaget.

Publisert Sist oppdatert

Karoline Wallace blei eg for alvor merksam på då ho gav ut Louder Than You i 2017. Lang vinter er den første plata i eige namn. Her har Wallace samla eit band med bakgrunn i norsk jazz og folkemusikk spesielt for denne innspelinga. Bandet har ikkje berre fått musikken under huda, men også det naivistiske estetiske universet som pregar mange av komposisjonane og tekstane hennar.

Tydelege idear

Komposisjonane varierer frå dei enkle melodisnuttane til lengre tematiske strekk med sære intervall og harmoniar. I kvar samanheng står klangutforsking sentralt i prosjektet til Wallace. Ho har eit spanande instrumentarium å dra vekslar på. I tillegg brukar ho dei tre kvinnerøystene på særs leikent og variert vis. Både «Ved kjøkkenbordet» og «Lo du» illustrerer dette poenget godt. Arrangementa byggjer på tydelege idear, men dei verkar langt meir lause i snippen enn dei faktisk er. Når ein ved nokre høve opplever pianist Kjetil Jerve i fri utfalding, tek ein seg i å ynskja meir av det.

Surrealisme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement