¿ Orgelmeisteren frå Nürnberg
Johann Pachelbel komponerte meir enn berre den evinnelege kanonen.
Johannes Creutzburg-orgelet (1735) i St. Cyriakus-kyrkja i Duderstadt er eitt av instrumenta på CD-en.
Foto: Stefan Buchard
Lytt til artikkelen:
Talsymbolikken ville nok dei bibellærde i barokken nikka nøgd til: Det tredje albumet i plateselskapet CPOs Pachelbel-serie er eit trippelalbum der tre organistar spelar i tre kyrkjer i tre ulike land. På originalinstrument frå byrjinga av 1700-talet tek dei her føre seg kvar si verkform: fyrst koralpartitaar, altså variasjonar over kjende salmemelodiar, så pasjonsmusikk, og til sist ulike former for koralforspel.
Kven var så denne barokkomponisten, som me i dag vanlegvis assosierer med berre eitt spesifikt verk?
Bach-familien
Johann Pachelbel (1653–1706) frå Nürnberg høyrer til dei viktigaste meistrane i den sørtyske orgeltradisjonen. I løpet av livet kledde han stillingar ved mange viktige kyrkjer i tyske og austerrikske byar, mellom anna i Eisenach, J.S. Bachs heimby i Thüringen, der han var kollega med far til Bach, Johann Ambrosius. Bach sjølv var for ung til å få orgelundervisning av Pachelbel, slik den eldre broren Johann Christoph fekk. Likevel skulle orgelmusikken hans bli viktig for Bachs utvikling som komponist.
Medan Pachelbel i samtida var vidgjeten som orgelkomponist, er det i dag altså underleg nok kammermusikkstykket me kallar «Pachelbels kanon», som er blitt varemerket hans. I røynda heiter det Canone per 3 Violini e Basso. (Eit utal meir eller mindre vulgære moderne arrangement finst. Men den som ynskjer å høyra ei fin, historisk korrekt framføring, lyt skaffa seg albumet Canon & Gigue, som blei spelt inn av ensemblet Musica Antiqua Köln i 1983 og sidan er kome i mange opplag.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.