JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ordlaus dødsmesse

Peter Lichtenthals strykekvartettversjon av Mozarts Rekviem er spesielt interessant for spesielt interesserte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3183
20190405
3183
20190405

CD

Wolfgang Amadeus Mozart:

Requiem

Pandolfis
Consort
Gramola 2019

Kven kan koma på ideen å skriva om Wolfgang Amadeus Mozarts (1756–1791) mektige Rekviem i d-moll for orkester, kor og solistar, KV 626, til ein skarve strykekvartett? Det kunne Mozarts samtidige Peter Lichtenthal (1778–1853) frå Bratislava.

Før eg fekk dette albumet til Pandolfis Consort i hende, hadde eg aldri høyrt om Lichtenthal, og eg tvilte på om ein «reduksjon» av rekviemet til strykekvartett i det heile ville vera interessant lytting. Men etter å ha høyrt gjennom CD-en og lese den utførlege teksten i omslagsheftet, skjønar eg kvifor Pandolfis Consort har gjeve seg i kast med prosjektet.

Mozart-ovundrar

Kven var så denne Lichtenthal? Han var lege, språkmann, leksikograf og musikar – men framfor alt heilhuga Mozart-ovundrar med sterkt misjonskall andsynes idolet sitt. Som lege skreiv han bøker som Den rette dietten for Wiens innbyggjarar, Ny og sikker måte å kurera syfilis på og Årelatingas historie. Spesielt interessant er måten han som forløpar for dagens musikkterapi freista å kombinera medisin og musikk på: Den musikalske legen, eller: Avhandling om påverknaden musikk har på menneskekroppen kom ut i Wien i 1807.

Men det er ikkje på grunn av desse bøkene Lichtenthal blir hugsa (i den grad han blir hugsa), men for innsatsen hans for å spreia Mozarts verk til Italia. Han skreiv to Mozart-biografiar på italiensk; desse er interessante av di han kjende Constanze, enkja etter Mozart, og var god ven med Mozarts son Carl Thomas.

Dødsmessekaraoke

Det var i samband med Lichtenthals Mozart-formidling han laga strykekvartettversjonen av rekviemet. No var det ikkje slik at Mozart var heilt ukjend i Italia. I byrjinga av 1770-åra hadde han turnert som vedunderbarn og vekt stor åtgaum ved hoffa. Men då han prøvde det same seinare, var ikkje mottakinga like hjarteleg, for vedunderbarneffekten var borte, og komposisjonane hans var vel i alle høve for kompliserte for italienarane. I Mozart-samanheng ytra komponisten Gioachino Rossini (1792–1868) fylgjande: «Tru meg, det er bortkasta strev å skriva høgverdig musikk i Italia. Publikum sovnar berre.»

Korleis fungerer så Lichtenthals arrangement, eller «omsetjing», som dei sa den gongen?

Øyro mine trong litt tid for å venja seg til den spede kvartettklangen, van som eg er med Mozarts original. Det vil seia: Sped er ikkje klangen alltid; det er absolutt orkestrale kvalitetar ved Lichtenthals versjon av satsane «Dies irae» og «Confutatis», som får spesielt god verknad gjennom Pandolfis Consorts aggressive bogebruk og kvasse aksentar.

I det heile trur eg folk som kjenner rekviemet godt, vil ha mest glede av dette albumet, for det er vel for spesielt interesserte. Men for slike folk er det til gjengjeld spesielt interessant. Elles høver innspelinga godt som sing-along for dei av oss som kan den standardiserte katolske messeteksten. Ein slags dødsmessekaraoke, altså – dette òg for spesielt interesserte.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis