Musikk
Ord og musikk i heftig famntak
Tilfeldigvis har det seg slik at bandet også er ein av dei tøffaste vokaltrioane i kongeriket
Det har alltid vore spanande å følgja utgjevingane til Eldbjørg Raknes fordi ho er minst like opptatt av orda som ho er av musikken. Det er igjen samspelet eller rettare interaksjonen mellom dei to som fascinerer mest. På tidlegare utgjevingar kunne Raknes dedisera eigne utgjevingar med tekstar frå blant andre Inger Hagerup, og Karin Boye, men i dei seinare åra har Raknes skrive sjølv. Det har gjort det kunstnarlege prosjektet hennar endå meir spanande.
Ambivalens
Med Kirsti Huke og Nils-Olav Johansen har ho fått samarbeidspartnarar som greier å få fram ein bodskap prega av barnleg ærlegdom og botnlaus fortviling, kjensleambivalens og ironisk distanse. Ein trio skal vera rimeleg trygge på kvarandre for å få slikt til å funka. Om det skulle vera tvil: Det greier dei til gagns.
Midsund marina
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.