Opptur for Skarpeid
Den vanskelege andreplata er fleire hakk betre enn debuten.
Korleis det musikalske samarbeidet mellom Grete Skarpeid og Aruán Ortiz kom i stand, er eit moderne eventyr. 22. mars 2014 spelte Don Byron Quartet på Voss. Den cubanskætta pianisten Ortiz var med kvartetten som vikar, og etter konserten kom Skarpeid og Ortiz i prat. Skarpeid spelte nokre av songane sine som ho hadde lasta ned på Iphonen. Ortiz fatta meir enn høfleg interesse og blei orkesterleiar og arrangør då Skarpeid debuterte på det tyske plateselskapet Neuklang med My Songs i 2016.
På Beyond Other Stories har Skarpeid fått med seg eit stjernelag. Interessant er kombinasjonen vibrafon og piano. Dette gjev klangspekteret ein spesiell karakter og byr på rytmiske vriar på arrangementa. (Det er ikkje overraskande at ein får assosiasjonar til legendariske Steps Ahead?) Først og fremst er det med på å setja den glasklare røysta til Skarpeid i sentrum. Arrangementa er trugne mot det Skarpeid har å melda. Dei til tider finurlege tekstane følgjer ein lett, og alle fraseringsnyansar står fram som relieff i lydbiletet. At Skarpeid også er ein god tolkar av andre sine verk, syner ho i ein spenstig versjon av «My Favorite Things».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.