Oppløftande lydbølgjer
Det var oppstemd stemning på internett då Run The Jewels og Eric André mana til bruk av stemmeretten.
Run The Jewels på internettkonsert.
Det er ingenting positivt med covid-19, men ein oppløftande biverknad er at mange musikarar kanaliserer konsertenergien sin gjennom internett. Dei siste vekene har til dømes Utmark strøymt konsertar med saksofonisten Mette Rasmussen og trommeslagaren William Hooker, Sampa The Great har sleppt ei ny framsyning på YouTube, og 100 prosent Electronicas 360-graders konsertserie Virtual Utopia har fått eit tredje innslag.
Og i innspurten til valet i Sambandsstatane framførte hiphopgruppa Run The Jewels det nyaste album, RTJ4, på Adult Swims YouTube-kanal. Tittelen Holy Calamavote spelar på låttittelen «holy calamafuck» (som igjen refererer til Handsome Boys Modeling Schools Holy Calamity (Bear Witness II) frå 1999), og innimellom songane fungerte komikaren og musikaren Eric André som programleiar. Lat meg parafrasere honom: «Stem. Ver så snill og stem. Vi er sjanselause om du ikkje stemmer. Menneskeætta er på randa av samanbrot. Eg ber deg. Ver så snill, du må bruke stemmeretten.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.