Opp, alle jordas triste klovnar

Album nummer 23 frå John Mellencamp er klart.

John Mellencamp er arbeidarklassens rocketalsmann, men han har ofte hamna i skuggen av Bruce Springsteen.
John Mellencamp er arbeidarklassens rocketalsmann, men han har ofte hamna i skuggen av Bruce Springsteen.
Publisert

Som forventa manglar det ikkje på kunstnarlege kommentarar denne første vinteren og våren der Trump-katastrofen utfaldar seg dag for dag. Kvaliteten varierer, men vi kan stole på John Mellencamp. «Easy Target», den siste songen på nye Sad Clowns & Hillbillies, treffer verkeleg blink.

«All are created equal / equally beneath me and you», syng Mellencamp, meir raspete og røft enn nokon gong – han treng visst halstablettane til Tom Waits. Dei «enkle måla» i tittelen er dei som alt ligg nede for teljing – dei som prøver å leve i «Sucker Town», i eit land der krossane enno brenn: «Black lives matter», heiter det, «who are we trying to kid?»

Markant ytring

Ein poengtert song er ei markant ytring og får spele rolla som kommentar om tidspunktet er godt valt. Så var tilfellet då Mellencamp sleppte frå seg «Easy Target» som singel den dagen då Trump vart innsett som president i januar.

Mellencamp har alltid markert seg med eit særleg sterkt sosialt medvit. Som arbeidarklassens rocketalsmann har han ofte hamna i den store skuggen av Springsteen (som saman med Joe Grushecky sjølv er aktuell med Trump-jeremiaden «That’s What Makes Us Great») – også i tider der platene hans har vore vel så sterke som dei frå superstjerna og noregsvenen frå New Jersey.

Americana

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement