Opne landskap
Lydleg utforskartrong pregar nye album frå anrimeal og Christer Bothén.
Initialane til Ana Rita de Melo Alves utgjer bandnamnet.
Pressefoto
Jazz / kunstmusikk
Regnet som fell – er det rart at det dukkar opp, igjen og igjen, i den innspelte musikken? Kva for lyd kan vere meir stemningsskapande? Eller kva med lyden av ei knakande grein, av fuglekvitter eller, kanskje meir eksotisk, av gjørmesug?
Desse lydelementa er alle å spore i nye utgivingar frå Christer Bothén og anrimeal, begge plateaktuelle med album som inviterer lyttaren med på ei ferd inn i ukjende lydlandskap, med uvande klangar og teksturar.
Identitetsfamling
Bak namnet anrimeal skjuler portugisiske, London-baserte Ana Rita de Melo Alves seg, og den kryptiske leiken med initialar er talande, for spora på Could Divine er utstyrte med gåtefulle, suggestive titlar som gjer lyttaren nyfiken på kva ein er på veg inn i, frå «Encaustic Witches» (hekser av voks) til «Elegy for an Empty Coffin» til «Breather». Den hybride sjangernemninga i presseskrivet frå det vesle, nyoppstarta Crossness Records, «computer folk», gir ein indikasjon – om ein tek høgde for at materialet er djupt utprøvande og eksperimentelt.
Ein komposisjon som «I Am Not» levandegjer identitetsfamling med skeiv elektrisk gitar, frijazza tromming og ein vokal som gir assosiasjonar til den avantgardistiske kunstpopen ein kjenner frå ein artist som Julia Holter. Det same gjer «Vertical», med sin rytmiske bruk av strykarar og handklapp: «I’d love to be going vertical, always vertical, but I’m not», heiter det, ord som vert repeterte, og som latar til heile tida å få nye tydingar. På sitt mest tilgjengelege er Alves i opningssporet «Marching Parades», som med skogslydar og nynnande melodi tydeleggjer prosjektets forankring i folkmusikken. Artisten gjer det meste sjølv på Could Divine og styrer alle ledd i prosessen med stø hand, frå komposisjon til framføring, vidare til produksjon, miks og mastring.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.