JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Opne landskap

Lydleg utforskartrong pregar nye album frå anrimeal og Christer Bothén.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Initialane til Ana Rita de Melo Alves utgjer bandnamnet.

Pressefoto

3371
20201120
3371
20201120

Folk / kunstmusikk

anrimeal:

Could Divine

Crossness
Records

Jazz / kunstmusikk

Christer Bothén:

Ambrosia

Thanatosis / Border

Regnet som fell – er det rart at det dukkar opp, igjen og igjen, i den innspelte musikken? Kva for lyd kan vere meir stemningsskapande? Eller kva med lyden av ei knakande grein, av fuglekvitter eller, kanskje meir eksotisk, av gjørmesug?

Desse lydelementa er alle å spore i nye utgivingar frå Christer Bothén og anrimeal, begge plateaktuelle med album som inviterer lyttaren med på ei ferd inn i ukjende lydlandskap, med uvande klangar og teksturar.

Identitetsfamling

Bak namnet anrimeal skjuler portugisiske, London-baserte Ana Rita de Melo Alves seg, og den kryptiske leiken med initialar er talande, for spora på Could Divine er utstyrte med gåtefulle, suggestive titlar som gjer lyttaren nyfiken på kva ein er på veg inn i, frå «Encaustic Witches» (hekser av voks) til «Elegy for an Empty Coffin» til «Breather». Den hybride sjangernemninga i presseskrivet frå det vesle, nyoppstarta Crossness Records, «computer folk», gir ein indikasjon – om ein tek høgde for at materialet er djupt utprøvande og eksperimentelt.

Ein komposisjon som «I Am Not» levandegjer identitetsfamling med skeiv elektrisk gitar, frijazza tromming og ein vokal som gir assosiasjonar til den avantgardistiske kunstpopen ein kjenner frå ein artist som Julia Holter. Det same gjer «Vertical», med sin rytmiske bruk av strykarar og handklapp: «I’d love to be going vertical, always vertical, but I’m not», heiter det, ord som vert repeterte, og som latar til heile tida å få nye tydingar. På sitt mest tilgjengelege er Alves i opningssporet «Marching Parades», som med skogslydar og nynnande melodi tydeleggjer prosjektets forankring i folkmusikken. Artisten gjer det meste sjølv på Could Divine og styrer alle ledd i prosessen med stø hand, frå komposisjon til framføring, vidare til produksjon, miks og mastring.

Could Divine er ei kompleks sanseleg erfaring, og det overraskar ikkje når eg les at Alves er inspirert av ein kunstnar som Eva Hesse (1936–1970) og 1960-talets postminimalisme, for lydproduksjonen har nærast noko intimt taktilt over seg, det er som om hendene klappar i rommet eg sit og lyttar i. Dette er ikkje musikk du låner øyre til i forbifarten, men om du tek deg tid, får du meir tilbake.

Utforskartrong

Inspirasjonen frå kunstfeltet er også markant i biletkunstnaren og musikaren Christer Bothéns samleutgiving Ambrosia, der han gjer ting med bassklarinett og kontrabassklarinett som ikkje heilt liknar noko eg har høyrt før, etter at regnet har leidd oss mjukt inn i «Nighttrain». Komposisjonen «Zon», inspirert av Andrej Tarkovskijs gåtefulle science fiction-film Stalker (1979), med resitasjon av Sofia Jernberg og eit fint ensemble med svenske musikarar, som mellom anna omfattar Hans Koch og Per Texas Johansson, fascinerer.

Når stykket er ferdig, sit lyttaren att fortumla, full av inntrykk, nesten som i ein kinosal, etter ein tur inn i Tarkovskijs postindustrielle sone.

Sams for artistar som Alves og Bothén er ein lydleg utforskartrong som ikkje hindrar dei i på kvart sitt vis å ta vare på dei stille stemningane – noko som er langt vanskelegare enn ein kanskje skulle tru.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis