Om å ta heisen før soloppgang

Sean O’Hagan lagar utsøkt popmusikk.

Sean O’Hagan lagar elegant popmusikk med eit skrått blikk.
Sean O’Hagan lagar elegant popmusikk med eit skrått blikk.
Publisert

Høyrer du til mellom dei som elskar fikse, elegante og smarte popkomposisjonar? Gjerne av den småsære arten som er utstyrt med litt for skrått blikk til å fengje massane, men likevel med eit velutvikla øyre for populærmusikkens klassikarar? Då er sjansane gode for at du vil ha sansen for Radum Calls, Radum Calls, det eigenarta, nye soloalbumet frå Sean O’Hagan.

Somme lesarar vil kjenne musikken den irske veteranen O’Hagan, som fyller seksti i år, har laga med The High Llamas opp gjennom åra, eit av desse banda som blir genierklærte med jamne mellomrom, ofte med referanse til album som Gideon Gaye (1994) og Hawaii (1996), begge tjukke med ekko frå Beach Boys-katalogen.

Høyrer du til desse, vert du neppe skuffa i møtet med Radum Calls, Radum Calls, eit kreativt oppkomme av lommesymfonisk avantpop, frå ein høgst vital O’Hagan. Som ein Brian Wilson eller ein Paddy McAloon kokar mannen over av snerten meloditeft og artige forteljingar.

Daglegliv

«McCardle Brown» har festa seg slik at eg ikkje klarer å late vere å nynne på songen, som visstnok handlar om ein reingjerar i ein storby – han er borte vekk før nokon har fått slengt frå seg jakka over stolen, han køyrer heis før sola står opp, du ser han kanskje passere i trappa. O’Hagan har eit blikk for det heilt vanlege livet, livet til dei som berre unntaksvis får utgjere grunnstoffet i popmusikkens fantasiunivers, som ofte er folkesett med større drama, større fakter.

Alt før The High Llamas såg dagens lys, leia O’Hagan Microdisney saman med Cathal Coughlan, og sistnemnde dukkar saktens opp på tre av spora på Radum Calls, Radum Calls, mellom dei «McCardle Brown». Elles gjer multiinstrumentalisten O’Hagan mykje sjølv, men Dave Hattee er med på trommer og Serafina Steer på harpe (høyr korleis ho kjem inn og med enkle, avgjerande grep får songar som «The Paykan» og «Spoken Gem» til å funkle).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement