Om å ta heisen før soloppgang
Sean O’Hagan lagar utsøkt popmusikk.
Sean O’Hagan lagar elegant popmusikk med eit skrått blikk.
Foto: Steve Brummell
Rock
Sean
O’Hagan:
Radum Calls, Radum Calls
Drag City
Høyrer du til mellom dei som elskar fikse, elegante og smarte popkomposisjonar? Gjerne av den småsære arten som er utstyrt med litt for skrått blikk til å fengje massane, men likevel med eit velutvikla øyre for populærmusikkens klassikarar? Då er sjansane gode for at du vil ha sansen for Radum Calls, Radum Calls, det eigenarta, nye soloalbumet frå Sean O’Hagan.
Somme lesarar vil kjenne musikken den irske veteranen O’Hagan, som fyller seksti i år, har laga med The High Llamas opp gjennom åra, eit av desse banda som blir genierklærte med jamne mellomrom, ofte med referanse til album som Gideon Gaye (1994) og Hawaii (1996), begge tjukke med ekko frå Beach Boys-katalogen.
Høyrer du til desse, vert du neppe skuffa i møtet med Radum Calls, Radum Calls, eit kreativt oppkomme av lommesymfonisk avantpop, frå ein høgst vital O’Hagan. Som ein Brian Wilson eller ein Paddy McAloon kokar mannen over av snerten meloditeft og artige forteljingar.
Daglegliv
«McCardle Brown» har festa seg slik at eg ikkje klarer å late vere å nynne på songen, som visstnok handlar om ein reingjerar i ein storby – han er borte vekk før nokon har fått slengt frå seg jakka over stolen, han køyrer heis før sola står opp, du ser han kanskje passere i trappa. O’Hagan har eit blikk for det heilt vanlege livet, livet til dei som berre unntaksvis får utgjere grunnstoffet i popmusikkens fantasiunivers, som ofte er folkesett med større drama, større fakter.
Alt før The High Llamas såg dagens lys, leia O’Hagan Microdisney saman med Cathal Coughlan, og sistnemnde dukkar saktens opp på tre av spora på Radum Calls, Radum Calls, mellom dei «McCardle Brown». Elles gjer multiinstrumentalisten O’Hagan mykje sjølv, men Dave Hattee er med på trommer og Serafina Steer på harpe (høyr korleis ho kjem inn og med enkle, avgjerande grep får songar som «The Paykan» og «Spoken Gem» til å funkle).
Detaljerte byggverk
Som popkomponist er O’Hagan ein arkitekt, og songane hans er frydefullt detaljerte byggverk som stadig opnar seg med noko nytt ein ikkje heilt har lagt skikkeleg merke til før. Herleg pussige «On A Lonely Day (Ding Dong)», som visstnok handlar om eit skrømt som strever litt med å finne sin plass i ei ny tid, tener godt som døme – først etter eit par gjennomlyttingar høyrer eg kor snertent vilter perkusjonen er.
Radum Calls, Radum Calls er full av slike openberringar. Her er det berre å få på seg høyretelefonane og lene seg tilbake.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.