Om å gjera kvarandre gode

Det er framleis rom for nyskaping i moderne mainstream.

Dag Arnesen og Elisabeth Lid Trøen har med seg Ole Marius Sandberg og Sigurd Steinkopf.
Dag Arnesen og Elisabeth Lid Trøen har med seg Ole Marius Sandberg og Sigurd Steinkopf.
Publisert

Denne kvartetten har vore aktiv ei stund, rett nok med Frank Jacobsen på trommer. Pandemien har nok forseinka utgjevinga, men ho er vel verd å venta på. Arnesen og Trøen er bandkollegaer i Bergen Big Band og har sikkert funne tonen gjennom dette samarbeidet. Dei har båe sans for det lyrisk melodiske og har ei leiken tilnærming til improvisasjonen.

Arnesen har signert åtte av dei ti låtane og opnar ballet med den Jarrett-inspirerte «Flirt». Trøen, som har komponert dei to andre, følgjer opp med «Partysvensken», med eit fengjande tema i 7/8-delar før låten utviklar seg relativt fritt og søkjande. (Det er elles vanskeleg å tenkja seg ein meir misvisande tittel.)

I «Sarah’s Bounce» syner Arnesen at han tok med seg eit og anna triks etter samarbeidet med Carla Bley. Den flotte bruken av marsjelement i utviklinga av det nydelege temaet er eit høgdepunkt på plata. Trøen vil ikkje vera noko dårlegare med den florlett dansande A-delen av «Armadillo Dance» i kontrast til den insisterande B-delen. Dette er elles ein låt som på tydelegaste vis dokumenterer kompkvalitetane til Sandberg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement