Ode til Reality
Jay Farrar hyllar ein fengsla varslar på det nye albumet.
Son Volt byd på fleire politiske låtar på albumet.Son Volt byd på fleire politiske låtar på albumet.
PressefotoPressefoto
Folk
«Reality Winner». Først tenkte eg at tittelen på det femte sporet på Union, den nye plata frå Son Volt, dreidde seg om noko heilt anna. Eg visste ikkje at Reality Winner faktisk er eit namn – på ei kvinne som vart dømd til fem års fengsel i august i fjor, for å ha leke sensitive dokument om russisk hacking i det amerikanske presidentvalet i 2016.
National Security Agency-omsettaren Winner vart arrestert sommaren 2017, etter at The Intercept publiserte rapporten ho hadde skaffa dei. For Jay Farrar – låtskrivar og frontmann i Son Volt – er fengslinga paradoksal. «Proud to serve, just not this president/ Those that seek the truth will find the answers», heiter det i songen.
Winner kjempa for å få sanninga fram i lyset, men forteljinga hennar har ikkje fått svært mykje omtale i media. Med «Reality Winner» skriv Farrar seg inn i ein tradisjon som gjer bruk av songen som politisk kommentar. Mellom inspirasjonskjeldene han nemner i fleire intervju, er «Hurricane», Bob Dylans låt om boksaren Rubin Carter, som han meinte vart dømt feilaktig for trippeldrap i 1967.
Passar perfekt
Songen til Winner passar Son Volt perfekt. «What have you done, Reality Winner», spør Farrar igjen og igjen, med klagande røyst. Det vil ikkje overraske lesarar som kjenner bandet, at det finst fleire politiske låtar mellom dei 13 som er samla på Union, som på mange måtar kan tolkast som ein rapport om eit samfunn i oppløysning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.