JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Ode til landsmora

J.S. Bachs «sørgjeode» er ei subtil hylling av ein politisk dissident.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kurfyrstinna av Sachsen: Christiane Eberhardine von Brandenburg-Bayreuth (1671–1727) på eit kolorert koparstikk frå 1751.

2828
20210813
2828
20210813

Standard-
innspelinga

Johann Sebastian Bach:

Trauerode

Bach Collegium Japan;
dir.: Masaaki Suzuki
IBIS 2015

17. oktober 1727 fann ein politisk delikat seanse stad i Leipzigs universitetskyrkje, Paulinerkirche. I september same år døydde nemleg Christiane Eberhardine von Brandenburg-Bayreuth, kurfystinne av Sachsen, noko leipzigarane kjende seg moralsk forplikta til å markera. Men det trekte ut i tid, og til slutt tok ein ung adeleg student ved namn Hans Carl von Kirchbach saka i eigne hender.

Trass i mange byråkratiske hindringar engasjerte han Leipzigs mest renommerte intellektuelle, litteraturteoretikaren Johann Christoph Gottsched, til å skriva ein sørgjeode. Tonesetjinga skulle byens musikkdirektør, Johann Sebastian Bach (1685–1750), stå for. I pausen mellom den todelte oden ville den sjølvsikre studenten halda lovtalen over landsmora.

Bannlyst

Grunnen til at det elles så handlekraftige byrådet i Leipzig somla såpass lenge at ein student fann det naudsynt å gripa inn, var konfesjonell – og difor også politisk. Christiane Eberhardine var godt likt i den lutherskortodokse byen. Mannen hennar, kurfyrst August den sterke, hadde konvertert til katolisismen av politiske grunnar, nemleg for å kunna bli vald til konge av Polen. Slik pragmatisme låg ikkje for kurfyrstinna. Ho heldt fast på den lutherske trua si og blei difor ikkje berre nekta den polske dronningkrona, men bannlyst frå hoffet i Dresden og fråteken omsorgsretten til sonen, arveprinsen.

Korleis kunne så leipzigarane feira heltinna si, utan at dette blei oppfatta som ei hylling av ein konfesjonell dissident? I hovudstaden Dresden kunne det jo lett bli oppfatta som politisk provoserande.

Svulstig poesi

Ser me på oden Bach tonesette, merkar me at diktaren Gottsched tok sine forholdsreglar. Dei bibelsitata og salmereferansane som slike sørgjekantatar vanlegvis er prydde med, manglar heilt, og der religiøse tema blir antyda, er det gjort så generelt at det er uråd å tolka noko i spesifikt luthersk eller katolsk retning. I det heile verkar tonen poesien verdsleg, nemleg som ei hylling i klassisk høgstil.

Sjølv om Gottscheds biletrike tekst verkar svulstig for oss i dag, gjer ikkje tonesetjinga det. Rett nok er Lass, Fürstin, lass noch einen Strahl, BWV 198, uvanleg prektig til Bach å vera. Men den subtile instrumenteringa og måten Bach kler dei stive retoriske språkfigurane med milde, naturlege melodiar på, gjer dette til ein av yndlingskantatane mine. Den beste innspelinga av verket, som vanlegvis berre blir kalla «sørgjeoden», kom Bach Collegium Japan ut med i 2015. Dirigenten Masaaki Suzuki får her fram det inderlege i det storfelte.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis