Musikk

Ode til eineveldet

Publisert

Når det gjeld den tyske barokkomponisten Georg Philipp Telemann (1681–1767), er der stadig nytt under sola: I eit musikkarkiv som etter andre verdskrigen blei ekspedert austover til Armenia, og no er ført attende til universitetsbiblioteket i Hamburg, har det dukka opp ei rekkje ukjende Telemann-komposisjonar. Mange av desse blei komponerte for Altona, det som i dag er ein bydel nordvest i Hamburg, men frå 1640 til 1864 var det ein viktig dansk hamneby som hyste Europas fyrste frihamn.

Arkivfunnet syner at Telemann, som var musikkdirektør i Hamburg, nytta mykje tid på slike danske oppdrag, faktisk så mykje tid at Hamburgs byråd måtte minna han på at det var i Tyskland han var tilsett, ikkje i Danmark. Det er to slike tingingsverk det ypparlege ensemblet Barockwerk Hamburg har spelt inn på det uvanleg interessante albumet Festmusik für Altona.

«Danskanes Athen»

Dei to verka på plata er svært ulike. Det eine er ein latinsk ode, Nunc auspicato sidere prosperum affulget aevum («Under ei lykkebringande stjerne stråler no ein lukkeleg tidsalder»). Oden er tileigna Frederik V., Danmark-Noregs konge frå 1746 til 1766, som var ein populær regent, trass i at han åtte større talent som begersvingar enn som riksstyrar. Librettoen hyllar kongen som «musenes fyrste» i «danskanes Athen» (København), og er tonesett på gamaldags, lærd vis: Fire songarar framfører polyfone korsatsar som minner meir om kyrkjemotettar frå 1600-talet enn verdsleg 1700-talsmusikk.

Hundreårsjubileum

Langt prektigare er det andre stykket på plata, Die dicken Wolken scheiden sich («Det tjukke skylaget skil seg») frå 1760, som markerte hundreårsjubileet for eit dramatisk år i den dansk-norske soga: I 1660 var det økonomisk krise i København etter ein serie krigar mot Sverige, der svenskane mellom anna hadde tvinga til seg Jemtland, Herjedalen og Båhuslen frå Noreg. Kong Frederik III, som sat på trona frå 1648 til 1670, ville skriva ut nye skattar som råka adelen. Men sidan skattefridom var eit av dei grunnleggjande privilegia til adelsmennene, nekta dei å gå med på dette. Presteskapet og borgarane samla seg då bak eit radikalt forslag frå kongen om å innføra arvekongedømme, noko som frårøva adelen makta til å velja monark. Same hausten gjorde Frederik III seg så til eineveldig herskar over tvillingrika.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement