Nye klangverder
Korleis kan ein overskrida klangrammene til instrumentet sitt?
Den svenske fiolinisten Karin Hellquist.
Foto: Yusuke Suzuki
CD
Begge artistane på desse soloalbuma har bakgrunn frå doktorgradsprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Musikkhøgskulen i Oslo: Den fyrste, den norske harpisten Sunniva Rødland, avslutta i 2015 med eit arbeid om harpa si rolle i norsk samtidsmusikk. Den andre, fiolinisten Karin Hellquist frå Sverige, avsluttar i 2022 med eit prosjekt der ho granskar sin eigen klangpalett i møte med komponistar.
Differensiert
Harpeklangen er på ein måte jamn og, ja, litt skiftelaus. Men det instrumentet vantar av dynamiske og artikulatoriske ekstrem, tek det att i vid og fargerik klang. Å lytta til Sunniva Rødlands album Postures er som å oppleva eit vidfemnande gobeleng, altså eit vove veggteppe, i motsetnad til eit oljemåleri med skarpe konturar. Det stykket som tiltalar meg mest, er Wolfgang Plagges (fødd 1960) «Nocturne Sonata», op. 79 (1995), som opnar med eit distinkt, mest pianistisk tema, men snart glid over i breie akkordar som tek heile harperegisteret i bruk. Men her er òg tydeleg fleirstemmige parti, der Rødland imponerer med differensiert framheving av einskildstemmene.
Plagges verk er tradisjonelt i tydinga at det held seg innanfor klangrammene til instrumentet. Men albumet inneheld òg stykke der mediet blir overskride; eg tenkjer her på Bjørn Halsten Fongaards (1919–1980) Konsert for harpe og lydbånd, op. 131, der harpa spelar duett med eit magnetbandopptak av gitaren til den avlidne Fongaard.
Fugl eller svenske
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.