Nybrottsmannen

Hjå Rameau er ingen ting konvensjonelt.

Nederlendaren Frans Brüggen (1934–2004) var ein stor Rameau-dirigent.
Nederlendaren Frans Brüggen (1934–2004) var ein stor Rameau-dirigent.
Publisert

For meg er Jean-Philippe Rameau den mest geniale franske 1700-talskomponisten. Ikkje berre var han ein utmerkt klavervirtuos og tonesetjar. Han var òg ein viktig teoretikar som bidrog til dei store musikkteoretiske og -estetiske diskusjonane i opplysingstida, der han terga på seg filosofen Jean-Jacques Rousseau.

I dag er det operaane Rameau er mest kjend for. Når han sette seg ned for å skriva ein slik, fylgde han to hovudreglar: for det fyrste at musikken skulle spegla handlinga, for det andre at musikken ikkje skulle keia tilhøyrarane. Men kva for operakomponist vil då eigentleg trøytta publikum med musikk som ikkje speglar dramatikken?

Stivna opera

For å skjøna omfanget av Rameaus nybrottsarbeid lyt ein kjenna tradisjonen han stod i. Den franske operaen var i fyrste helvta av 1700-talet stivna i stilen til grunnleggjaren, Jean-Baptiste Lully, sjølv om han døydde alt i 1687. Vitja du teatret og såg at der sat eit orkester framføre scenen, visste du i grunnen kva du fekk: fyrst ein staseleg ouverture som byrja med eit pompøst punktert parti, som sidan gjekk over i ein snøgg, fugeaktig del. Så kom ei rekkje ariar og kor- og dansenummer, som – brutalt sagt – eigentleg kunne vore frå kva som helst opera.

Høyrer me på denne ypparlege innspelinga frå 2001, der Rameau-kjennaren Frans Brüggen dirigerer sitt Orchestra of the Eighteenth Century, er der ingen ting konvensjonelt. Han gjev oss to orkestersuitar med instrumentalmusikk frå operaane Zoroastre og Naïs, begge frå 1749.

Nytt instrument

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement