Ny vår for Scofield
Gamle vener finn tonen.
John Scofield og Steve Swallow spelte saman for første gong i 1971. Bill Stewart blei ein del av trioen då han ein gong i 80-åra tok over for Adam Nussbaum. Seinare har desse to dukka opp saman eller kvar for seg med ujamne mellomrom på platene til Scofield. På ECM-debuten hans (som orkesterleiar) hyllar han den gamle bassisten, komponisten og mentoren med ni låtar frå den omfattande Swallow-katalogen. Her er perler som «Falling Grace», «Hullo Bolinas», «Eiderdown» og «She Was Young».
Det har vore både variert og variabelt, det Scofield har gjeve ut dei siste 20 åra. Her er han attende i omgjevnader han trivst godt i, og med eit spanande repertoar som trioen kjenner til minste detalj. Det er eit overskot og ein kommunikasjon i musiseringa som ein finn i gjensynsgleda hjå gamle kjende, noko som blir dokumentert til overmål i den mest fire minuttar lange kodaen på opningssporet, valsen «She Was Young».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.