Ny musikk i spenstige omgjevnader

Jan Martin Gismervik og bandet spelte i utstillingssalen med bilete av kunstnaren Idun Baltzersen.
Jan Martin Gismervik og bandet spelte i utstillingssalen med bilete av kunstnaren Idun Baltzersen.
Publisert

Trommeslagar og komponist Jan Martin Gismervik fekk Sildajazzprisen i fjor. Då høyrer det med å kvittera med prisvinnarkonsert året etter.

Konserten var lagd til Haugesund billedgalleri. Gismervik har skrive verket Balconies for ein sekstett sett saman av Ina Sagstuen (vokal), Torstein Lavik Larsen (trompet), Espen Reinertsen (tenorsaks), Andreas Røysum (klarinett og bassklarinett), Guoste Tamulynaite (piano) og komponisten sjølv på trommer og klokkespel.

Gismervik har late seg inspirera av elektroniske lydbilete, men han har freista å tilpassa dette til akustiske instrument.

Verket hadde ei klar todeling der instrumenta i innleiinga og avslutninga skapte eit omskifteleg klangteppe. Midtpartiet kunne vore lydsporet til Charlie og sjokoladefabrikken eller Modern Times der smatting på munnstykke og klapring på klaffar og piano spelt med plekter – på tangentane! – var sentrale verkemiddel i musikkskapinga. Verket var ein kraftprøve for musikarane der dynamikken var særs finkalibrert, men dei kom fjellstøtt ned på beina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement