Ny leikekamerat for Molvær
Albumet Sulamadiana er enkelt, gjennomsiktig og kontemplativt.
Namnet på albumet til Mino Cinélu og Nils Petter Molvær er inspirert av heimstadene deira, høvesvis Madiana og Sula.
Foto: Craig Gallery / Peder Otto Dypvik
Molvær og Cinélu møttest i Tyrkia i 2015 og kom så godt på talefot at dei bestemte seg for å samarbeida musikalsk. Slike fromme ynske har det vore mange av, men to år seinare møttest dei på ein scene i Paris, og no blei orda gjorde om til handling. Innspelinga byrja i Oslo og blei sluttført i Cinélus studio i Brooklyn. Koronapandemien har gjeve dei utfordringar i etterarbeidet, men resultatet er ein glitrande miks av groovar og små melodisnuttar der Cinélus arsenal av akustiske perkusjonsinstrument passar perfekt til Molværs trompet og elektronikk.
Meditativt preg
Innimellom finn ein også små lyriske perler spelte rubato som bryt opp og understrekar det meditative preget til plata. «Le monde qui change» og «Theories of Dreaming» er to slike oasar i vandringa frå groove til groove.
Dei to har eit samanfallande syn på musikalsk dramaturgi. Båe forstår svært godt kva det vil seia å skunda seg langsamt. «New York Stroll» fortel det meste i så måte.
Ikkje overlest
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.