Norsk-argentinsk tangokunst
El Muro Tango er prega av kontroll og presisjon i alle detaljar, lydbiletet er klårt og tiltalande.
Tango
El Muro Tango og Juan Villareal:
Nostálgico
Galileo Music
Lytt til artikkelen:
Dette er den første plata til tangobandet El Muro Tango, som er samansett av pianist Juan Pablo de Lucca, fiolinist Karl Espegard, Åsbjørg Ryeng på bandoneon og Sebastian Noya på kontrabass. Dessutan medverkar fleire gjester, med songaren og gitaristen Juan Villareal i spissen. Det er altså tale om norske og argentinske musikarar som dyrkar klassisk tango i søramerikansk stil.
Omfattande turné
Denne plata er ikkje noko forhasta prosjekt: I førekant har musikarane hatt omfattande turnéverksemd i Sør-Amerika og fleire europeiske land. Plata kjem dessutan ut på eit tysk plateselskap, så dette er på alle måtar eit internasjonalt prosjekt.
Kontrollert
Tango har sin historiske bakgrunn frå mindre pengesterke samfunnslag i Argentina og Uruguay, men har sidan spreidd seg til store delar av verda – både som musikk, dansestil og songlyrikk. I vår tid kan neppe tangoen seiast å vera folkeleg, men vert dyrka som ei kunstform på linje med alle andre, med ekspertar, institusjonar og høg grad av profesjonalitet.
El Muro Tango er såleis eit typisk døme på dette: Musikken er prega av kontroll og presisjon i alle detaljar, lydbiletet er klårt og tiltalande. Dramatiske kjensleuttrykk er rekna som eit kjenneteikn ved tangoen, og dei er i høg grad til stades på denne produksjonen, men det er som på film eller i ei teaterframsyning: Det me ser/høyrer, er sjeldan spontant, men kontrollert og nøye planlagt. Denne fortolkinga er ikkje meint som forkleining, men ei påpeiking av korleis sterke kjensler og spontanitet kan fikserast i ei etablert estetisk form og likevel verka truverdige.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.