Musikk
Nordisk svermeri utan filter
Huldreblod er godt utført musikk som ein kan elska eller hata.
Oppskrifta er ikkje ny: pompøs poprock med forførarisk ung kvinnestemme i forgrunnen, folkemusikkinspirert felespel og uhemma verbal gjenbruk av norrøn mytologi og nordisk natursvermeri. Alt ligg dermed til rette for at dette er ein kulturell kalkun av dei store. Og slik er det òg: Klisjeane står i kø, frå omslagsdesign via tekstar og songstil, til arrangement og produksjon.
Men likevel er det noko friskt og godt over dette: Handverket er svært solid, og det er så skamlaust ukorrekt kitschaktig at det verkar oppkvikkande. Felespelet er kontrollert og overskotsprega, og det er mange spanande detaljar henta frå progrock og metall, og koringa er heilt på plass. Det mest problematiske er den overdrivne søtlåtne intensiteten i syngemåten, og tekstane, som ofte tippar over i det heilt parodiske: «Du bærer hjertet mitt på din bringe/ Ditt sind er mitt og jeg blir din viv.»
Medan dei fleste norske folkemusikkbanda som driv med stilblanding, held seg trygt i nærleiken av element henta frå jazz eller europeisk/amerikansk folkemusikk, er det færre som har gått djupt inn i den meir kommersielle popens/rockens produksjonsideal. Nokre hugsar kanskje Andreas Ljones band og Gåte, men ved sida av desse står Martine Kraft og bandet hennar temmeleg åleine. Mange av elementa i denne musikken – både når det gjeld tekstleg tematikk og instrumentering – har mykje til felles med den nordiske svartmetallen. Men medan metallbanda er kompromisslause når det gjeld råskap i uttrykket, er Kraft tilsvarande kompromisslaus i ein romantisk retning, som ofte kan minna om musikken ein finn i grandiose naturfilmar og elektroniske spel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.