Nordisk kitsch
Sigur Rós’ 18 år gamle liveopptak held ikkje mål.
Pop
Det er vikingtid i populærkulturen. TV-serien Vikings er til dømes tilbake med nye episodar, eit av storspela denne vinteren er Assassin’s Creed Valhalla, og det islandske postrockbandet Sigur Rós sleppte plata Odin’s Raven Magic kort tid før jol.
Her har bandet med seg Conservatoire de Paris-orkesteret og Schola Cantorum-koret, og skulptøren Páll Gudmundsson speler på eit sjølvlaga xylofonliknande stein-
perkusjonsinstrument kalla Steinharpa. Musikken er tufta på «Hrafnagaldr Ódins», eit kontroversielt dikt med usikkert opphav og tvilsam posisjon i eddatradisjonen, og blei spelt inn live i Paris i 2002. Trass i at besetninga er enorm, læt musikken merkeleg spak og nølande. Vokalen er rett som det er sur, bruken av elektronisk støy er svært malplassert, og det læt jamt over som om både band, kor og orkester skulle tatt nokre fleire omgangar i øvingslokalet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.