New York, Lisboa, Berlin
Beirut og Panda Bear lagar rastlaus, internasjonal indiemusikk.
Zach Condon er frontfigur i bandet Beirut.
Foto: Wikipedia
Rock
Alt frå første tone på ferske Gallipoli er det klart at Zach Condons nye Beirut-plate representerer ei slags reindyrking av det Balkan-orienterte uttrykket bandet har gjort til eit kjenneteikn sidan debutalbumet Gulag Orkestar (2006). Meir enn noko anna er det flygelhornet Condon løftar opp nokre sekund ute i det storslagne opningssporet «When I Die», som sørgjer for dette – ein mektig, sørgmodig messinglyd det er vanskeleg å tenkje seg desse songane utan.
Internasjonalt
Condon (f. 1986) var 19 år då Gulag Orkestar kom ut, og han budde i New York, dit han hadde flytta etter oppvekst i New Mexico. På Beiruts nettside fortel han at han i det tidlege arbeidet med Gallipoli brukte Farfisa-orgelet han komponerte dei første platene på. Kanskje medverkar dette til kjensla av at det nye materialet har eit slektskap med dei første songane han laga.
Beiruts musikk har noko markant internasjonalt over seg, ein slags genetisk kode der det går an å høyre lyden av både Santa Fe, New York og fleire nedslagspunkt på det europeiske kontinentet av ei musikalsk reise med mange destinasjonar. Det same kan ein på sett og vis seie om musikken Panda Bear, som også er albumaktuell denne veka, lagar. Det dreier seg om artistar med ei forankring i indiemusikken, men med ei vedvarande rastlaus nyorientering, ei evne til å forsyne seg frå den globale musikkbuffeten og ei interesse for å skru ting saman på nye måtar.
Boblande minimalisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.