Neonbelyst moro
Atterklang frå 80-åra vibrerer i sjølvbiografisk musikkalbum.
Eg blei først merksam på of Montreal då eg høyrde den svært spreke Coquelicot Asleep in the Poppies: A Variety Of Whimsical Verse (2001). Den plata minte sterkt om Beach Boys og The Beatles i deira psykedeliske periodar – tenk Pet Sounds og Smile!, Yellow Submarine-teiknefilmen og Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. Den gong var of Montreal eit band. På Ur Fun, 19 år seinare, opererer frontperson Kevin Barnes mutters åleine.
Her er det den neonbelyste 80-talspopen til Cindy Lauper og Janet Jackson som er den musikalske hovudinspirasjonen, men det psykedeliske er framleis med i biletet. Ur Fun er eit sjølvbiografisk album som krinsar rundt forholdet songaren har til ein «Christina» og forslaget hennar om at dei skal prøve ecstasy som parterapi. Dette er ikkje fullt så radikalt og ansvarslaust som det mogelegvis kan verke som, då det er storstilte forsøk på gang, mellom anna i Canada og USA, som undersøkjer korleis stoffet, MDMA, som det heiter på kjemisk, kan brukast i behandling av psykiske sjukdommar. Lyrikken er privat, men ikkje innettervend, og han er òg spekka med snodige referansar slik som sci-fi-kultfilmen Liquid Sky, som hadde premiere i 1982 – i Montreal. Of Montreal kjem artig nok frå Athens i Georgia i USA. Barnes kalla visstnok prosjektet opp etter ein mislukka romanse i eller frå den kanadiske byen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.