Ned for landing i vippestaten

Calexico gjer det på sin eigen måte, også når dei lagar julealbum.

Juleplata til Calexico, med Joey Burns og John Convertino, balanserer mellom det høgtidlege og det uhøgtidlege.
Juleplata til Calexico, med Joey Burns og John Convertino, balanserer mellom det høgtidlege og det uhøgtidlege.
Publisert

Det har alt skine frå julepynta vindauge ei stund i regntunge bergenskveldar, så tida bør vel vere overmoden for å få på julemusikken også, for i det minste å skape ei kjensle av å korte ned denne uendelege pandemihausten. I så måte kan eg bringe godt nytt denne fredagen, for Calexico kjem no til unnsetning med albumet Seasonal Shift.

Straks det er sagt, bør eg nok leggje til at det her ikkje dreier seg om eit julealbum i tradisjonell forstand, men meir ei tverrkulturell feiring av tida då året ebbar ut, og vi på tvers av ulike trussamfunn kjem saman, skodar litt bakover og litt framover og tek del i tradisjonar og seremoniar av ymse slag. Kva no enn slags reglar som avgrensar slike aktivitetar i år, vil det ikkje hindre oss i å lytte til Seasonal Shift rundt om i stovene.

Kulturkryssing

Det overraskar ikkje at eit band som Calexico feirar med eit musikalsk møte på tvers av kulturar, for dette har jo budd i musikken deira alltid. Denne gongen får vi mellom anna element som portugisisk fado og gamle meksikanske folkesongar inn i miksen.

I ein omtale av albumet forklarer Joey Burns at «Hear the Bells» er å rekne som ein hyllest til heimbyen Tucson, i vippestaten Arizona, der ein ofte kan sjå minneprosesjonar som Día de Muertos (minnedagen over dei døde) utspele seg på seinhausten – dermed dukkar tonane frå meksikanske «Cancion Mixteca» opp midtvegs i opningssporet, og vi har vel fått ein så god start på plata og kvelden som det er råd å få.

Tittelsporet på Seasonal Shift er ein rufsete, småskakk julesong av beste sort, med nokre vage ekko frå The Band, og høg sjarmfaktor, for her gjeld det å komme seg gjennom høgtida på eit eller anna vis, slik er målet – «the holidays, they are complex», som det så presist heiter. Det kan innebere pengeløyse, å sovne på golvet klokka halv to om natta, eit juletre som nesten tek fyr, og, idet ungane kastar seg over leikene, «mom and dad with gin & tonic in their hands». «We’ll be all right», vert det konkludert, med eit veljustert og moderat ambisjonsnivå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement